• 6
    watchers
  • 91
    plays
  • 2
    collected

Solgt!

Season 3 2011

  • 2011-09-15T17:45:00Z on NRK1
  • 29m
  • 6h 46m (14 episodes)
  • Norway
  • Norwegian
  • Documentary

14 episodes

Season Premiere

2011-09-15T17:45:00Z

3x01 Høyanger

Season Premiere

3x01 Høyanger

  • 2011-09-15T17:45:00Z29m

Programleiar Frode Søreide inviterer oss til heimstaden Høyanger i sesongpremieren på Solgt. To lag med eigedomsmeklarar frå Oslo og Sandefjord skal konkurrere om å tippe salsprisen på tre ulike husvære. Ei av utfordringane er eit gamalt trehus i den vesle bygda Sørebø, som fram til no har vore avfolka i mange år.

2011-09-22T17:45:00Z

3x02 Oslo

3x02 Oslo

  • 2011-09-22T17:45:00Z29m

Presset på bustadmarknaden i Oslo er stort. Men korleis går det når to lag med eigedomsmeklarar frå Tromsø og Elverum skal prøve å tippe salpris på husvære i Oslo? Vi besøker ei leilegheit i eit ombygd fabrikklokale i sentrum, ei toppleilegheit på St.Hanshaugen og ei drømmeleilegheit heilt i sjøkanten.

2011-09-29T17:45:00Z

3x03 Sverige

3x03 Sverige

  • 2011-09-29T17:45:00Z29m

Solgt reiser til Sverige for å ta temperaturen på fritidshus langs svenskekysten. For det er ikkje berre billig kjøt og sprit som lokkar nordmenn over grensa - det er også mogleg å gjere eit hyttekupp. Det er meklarar frå Stord og Ålesund som konkurrerer om å tippe pris. I tillegg gir programleiar Frode Søreide deg tips om fallgruvene ved hyttekjøp over grensa.

2011-10-06T17:45:00Z

3x04 Bergen

3x04 Bergen

  • 2011-10-06T17:45:00Z29m

Har du sett eit hus med 12 kantar? Solgt reiser til Bergen for å tippe bustadprisar og besøker eitt av vestlandshovudstaden sine mest spesielle bustadhus. I tillegg til å ha 12 kantar har huset enorme glasfasadar og 60 meter strandlinje. Til å tippe pris på objekt i Bergen har vi tatt med oss meklarar frå Skedsmokorset og Skien.

2011-10-13T17:45:00Z

3x05 Indre Østfold

3x05 Indre Østfold

  • 2011-10-13T17:45:00Z29m

Stadig fleire flyktar frå høge bustadprisar i dei store byane, og ein av stadane folk flyktar til, er indre Østfold. Meklarar frå Nordland og Kristiansand skal tippe prisen på tre selde hus i Askim, Spydeberg og Mysen. Ei av utfordringane er ein gamal, ærverdig direktørbustad på nesten 500 kvadratmeter.

2011-10-20T17:45:00Z

3x06 Kristiansund

3x06 Kristiansund

  • 2011-10-20T17:45:00Z29m

Det er duka for studentkamp i Solgt. Meklarstudentar frå Høgskulen i Telemark møter meklarstudentar frå BI i Oslo. Kven er best på å tippe bustadprisar? Vi tar dei med til Kristiansund, der dei får prøve seg som ekte meklarar. Og ekstra utfordrande blir det når programleiar Frode Søreide tek dei med til eit småbruk som strekker seg over tre øyer.

2011-10-27T17:45:00Z

3x07 Grenland

3x07 Grenland

  • 2011-10-27T17:45:00Z29m

Solgt reiser til Grenland. Området ligg strategisk til mellom Kristiansand og Oslo, men har likevel nokre av landets lågaste bustadprisar. Det skapar trøbbel for meklarane frå Bergen og Tromsø når dei skal tippe pris på tre ulike eigendommar i området. Programleiar Frode Søreide byr på alt frå eit oppussingsobjekt i Langesund til hus med eige basseng langs elvekanten.

2011-11-03T18:45:00Z

3x08 Asker og Bærum

3x08 Asker og Bærum

  • 2011-11-03T18:45:00Z29m

Kva kostar eit hus i Olav Thon sitt nabolag? I Solgt! gjestar vi eigedomskongen sitt nabolag på Sollihøgda. I tillegg tek vi pulsen på bustadprisane i eit av landet sine mest pengesterke kommunar - Asker og Bærum. Programleiar Frode Søreide har tatt med seg meklarar frå Møre og Romsdal og Stavanger til å tippe pris.

2011-11-10T18:45:00Z

3x09 Lofoten

3x09 Lofoten

  • 2011-11-10T18:45:00Z29m

Fire meklarar frå Asker og Stavanger blir tatt med til Lofoten for å tippe bustadprisar. Du kan trygt seie det blir eit prissjokk. Eit nedlagt fiskebruk på 1000 kvadratmeter og ei rorbu i idylliske Nusfjord står på menyen når Solgt! besøker Lofoten.

2011-11-17T18:45:00Z

3x10 Mjøsa og Hamar

3x10 Mjøsa og Hamar

  • 2011-11-17T18:45:00Z29m

Solgt! tar turen til Mjøsa og Hamar for å tippe bustadprisar. På menyen står ei ærverdig sentrumsleilegheit i jugendstil, eit Tyrolerinspirert hus utanfor byen og ei perle av eit funkishus i vakre Brumunddal. Til å tippe pris har programleiar Frode Søreide tatt med seg meklarar frå Oslo og Trondheim.

2011-11-24T18:45:00Z

3x11 Hordaland

3x11 Hordaland

  • 2011-11-24T18:45:00Z29m

Miljøhus er i fokus i Solgt! i kveld. I framtida blir det viktig å bygge hus som brukar lite energi - men ekspertane er usamde om kva som er beste løysinga. Solgt! har reist til Hordaland for å sjå nærare på tre typar miljøhus. Meklarane si utfordring blir å finne ut kva det kosta å bygge dei. Programleiar Frode Søreide har med seg meklarar frå Lillehammer og Oslo.

2011-12-01T18:45:00Z

3x12 Lillestrøm og Skedsmo

3x12 Lillestrøm og Skedsmo

  • 2011-12-01T18:45:00Z29m

Kva kostar ein gamal landhandel? Det blir ei av utfordringa når Solgt! tek turen til Lillestrøm og Skedsmo kommune for å tippe bustadprisar. Nærleiken til Oslo og Gardermoen har gitt kommunen eventyrleg vekst både i næringsliv og bustadprisar. Programleiar Frode Søreide tek også med meklarane i ei sentrumsleilegheit og til Volla som er eit av dei dyraste områda i Lillestrøm.

2011-12-08T18:45:00Z

3x13 Oppdal

3x13 Oppdal

  • 2011-12-08T18:45:00Z29m

Kva kostar det å bli hyttenabo med Røkke? Solgt! har reist til Oppdal for å tippe hytteprisar. I tillegg til ei luksuriøs hytte i "Røkkelia" besøker vi ei lita fjellhytte utan vatn og straum på snaufjellet. Til slutt ei hytte i det som blir kalla "Norges vakraste seterdal" - Gjevilvassdalen. Til å tippe pris har programleiar Frode Søreide tatt med seg meklarar frå Haugesund og Oslo.

2011-12-15T18:45:00Z

3x14 Spania

3x14 Spania

  • 2011-12-15T18:45:00Z29m

Kva kostar eit hus i Spania med privat diskotek i kjellaren? Bustadmarknaden i nordmenn sin feriefavoritt har opplevd kollaps - og meklarane hamnar totalt på glattisen når dei skal tippe salspris på tre ulike eigendommar. Programleiar Frode Søreide lovar sol, sommar og sydenluksus frå Gran Canaria.

Loading...